|
15. deseber 2004
Bokstove
i Bygstad
Etter
at biblioteket i Bygstad vart nedlagt har Nærmiljøsentralen
og Bygdekvinnelaget i Bygstad teke initiativ til å få i
stand ei Bokstove i næringshagen. Dei er godt i gang med
planlegging og tilrettelegging og vonar å være i gang ein
gong ut på nyåret!
|
|
|
1. noveber 2004
Dagaz
Nordic AS til Bygstadtunet
Dagaz
Nordic AS har flytta kontoret sitt til Bygstadtunet og
tilsette i dag Peder Pedersen som markedssjef. Vi gratulere
med nytilsetting og ynskje lukke til vidare! Dagaz sitt nye
telefonnr er 57 71 89 30.
|
|
|
29. oktober 2004
Prosjektleiar
for "Vikingfjorden til Island"
Det er utlyst engasjement
som prosjektleiar for prosjektet "Vikingfjorden til
Island". Arbeidsplassen for prosjektleiaren vil så langt
det let seg gjere bli Gaular næringshage. De finn meir
innformasjon på www.sunnfjord.no
eller i Firda laurdag 30. okt og tirsdag 2. nov. |
|
|
5. oktober 2004
Gaularportalen
på Kvasir
Nettstaden til Gaular
nærigshage
er no å finne godt plassert på Kvasir sine sider. Vi vonar
dette vil gje auka trafikk på sidene våre! |
|
|
6. september 2004
Stand
på Gaularmarknaden
Gaular næringshage hadde
òg i år stand på Gaularmarknaden. Vi delte eit klasserom med
Sparebanken Sogn og Fjordane og Gaularspelet. I år
presenterte vi dei ulike som har vore, er og skal inn i
næringsagen, og vi kan med glede sjå at aktiviteten i
næringshagen har auka sidan sist :) |
|
|
25. august 2004
Artikkel
i Marknadsavisa
Gaular næringshage hadde
artikkel inne i Marknadsavisa til Gaularmarknaden 2004. De
finn oss på marknaden, så ta gjerne turen innom! |
|
|
30. juni 2004
Tirsdagskafeen
feira 1 år!
No i juni er det
eit år sidan Tirsdagskafeen starta opp i Bygstad og tirsdag
29. juni var det feiring i lokala i næringshagen. Det vart
servert marsipankake i tillegg til vafler og kaffe. På
programmet stod allsang og bordkonkurransar. Det var mange som
fann vegen til kafeen for å feire, og det var fult både inne
og ute på verandaen. Vi gratulerer med jubileet og ser fram
til eit nytt år med tirsdagskafe! |
|
|
29. april 2004
La
tusen blomar bløme
Vi deltok på
konferansen "La tusen blomar bløme" i Førde i dag.
Ein konferanse med fokus på mangfaldig næringsutvikling i
Sogn og Fjordane. Dette var ei samling til inspirasjon, med
gode føredrag og viktig fellesskap for oss som har ynskje om
å sjå ei utvikling av næring i fjord fylket. Det som er
viktig for oss er å sjå og anerkjenne resursane vi sit på
og utnytte dei! |
|
|
16. feb 2004
Dagleg
leiar på reise
Dagleg leiar i
næringshagen, Britt Merete Aase, er på reise i perioden 17.
feb - 21. apr 2004 I perioden når de henne på e-post: britt@aaseproduksjon.no
eller på tlf: 90124222. De kan og ta kontakt med Olav
Birkeland (de finn han på Spar Bygstad) om det skulle
være noko! |
|
|
01. jan 2004
Kaffebar
i næringshagen
Mandag 29. des
vart det arrangert kaffebar i næringshagen, det er fyrste
gongen i Bygstad si historie det har vorte arrangert kaffebar
og kaffemaskina stod nesten ikkje i ro. Frå klokka 12.00 -
16.00 vart det servert cappuccino, cafe latte og cafe mocca.
Vi i næringshagen syns det var spesielt kjekt at vi klarte å
samle ein del av dei unge frå kommunen som er ute og studere.
Vi håpar samlinga var til inspirasjon og kanksje vi vekte
tanken på å flytte heimover hos nokon av dei som var innom. |
|
_________________________________________________________________________________
|