|
Siste nytt -arkiv 2002 |
|
|
|
31. jan 2002 Vibeke Mo sluttar som prosjektleiar. Vibeke Mo som var tilsett i 50%
stilling som prosjektleiar i Gaular næringshage, har ikkje lenger
stilling i Tine meieri og valde difor å søkje seg 100% stilling hjå
Gausdal meieri. Vi takkar for innsatsen og ynskjer lukke til! |
|
19. des 2002 Årets julegåve til Gaular næringshage! Britt Merete Aase har
gjort alvor av planane sine og flyttar i mai inn i Gaular næringshage
med sitt firma Aase videoproduksjon - dette kan ein seie er årets
julegåve til næringshagen og næringslivet forøvrig! |
|
|
|
5. nov 2002 Har hatt inne
rubrikkannonse i Firda igjen. |
|
|
|
16. sept 2002 Har hatt inne
rubrikkannonse i Firda f.o.m laurdag 14 t.o.m torsdag 19.09 - og i denne
samanheng også linka opp gjennom dei nye sidene til Fjaler Kino. |
|
12. sept 2002 Breiband til folket No er det det nærmaste vi
har vore realiteten breiband til folket i Gaular! Vi ventar i spaning
på at alle mastene er på plass - og ynskjer WanVest lukke til! |
|
|
|
29. aug 2002 Næringshagen på Gaularmarknaden Gaular næringshage vil bli presentert på Gaular kommune sin stand under Gaularmarknaden 30. aug - 1. sept 2002. Så har du ein ide eller noko du lurer på kan du komme innom standen og få meir informasjon. Velkommen! |
|
|
|
15. aug 2002 Salgsdag i næringshagen! Gry Karlsen, Bygstad vil fredag 16. og laurdag 17. aug ha Konkurssal for Miljøboden (Microfiberklutar). Vel møtt! |
|
5. juni 2002 Intervju i Fylkesmagasinet Gaular næringshage vart grundig omtalt i maiutgåva av Fylkesmagasinet, beklageligvis hadde det kome inn ein liten "kosmetisk" feil i teksten. Prosjektet heiter Gaular næringshage og ikkje Gaular næringspark. Dessutan - for den som vil
lese meir: Ei brosjyre som skal utsendast til alle husstander i Gaular,
deler av Fjaler og Førde - er snart i trykken og posten! |
|
|
|
17. april 2002 Nettverkssamling kunnskapsintensive næringar Prosjektleiar Vibeke Mo og
Næringskonsulent Åshil K Seljesæter deltok på dette møtet på
Fylkeshuset i Hermannsverk som vart arrangert av SND Sogn og Fjordane.
Tema var Nettverksbygging og erfaringsformidling - og dette gav oss
viktige innspel i vidare arbeid og vidareutvikling av Gaular
næringshage. |
|
|
|
10. april 2002 "Utprøvingsprosjekt for kompetansestover" Gaular næringshage er med
i prosjektet "Utprøvingsprosjekt for kompetansstover" i Sogn
og Fjordane. Porsjektet inngår i fylkesplanen 2001 - 2004 under
programet Nyskaping og omstilling. |
|
23. mars 2002 Open dag i Gaular Næringshage Den 26. mars hadde vi open
dag i næringshagen, innbydinga vart sendt ut til alle i Bygstad krins i
første omgong - og vi hadde godt besøk tross for at veret denne dagen
slo til - til vår bakdel... Det var strålande solskin og sikket mange
som heller valgte påskefjellet denne tirsdagen i Bygstad. Ordførar Pes
Kjelstad, Næringskonsulent Åshil K Seljesæter og nyetablerte Britt
Merete Aase deltok også på denne dagen. Og ein slik dag gir alltid
nokre tips til vidare arbeid - også denne! |