Sist oppdatert 20.05.05

Siste nytt:

8. april 2005

Utprøving av kompetansestover avslutta

Gaular næringshage har vore del av Prosjektet utprøving av kompetansestover i Sogn og Fjordane. Prosjektet har gått over 4 år og vart avslutta ved nyttår. Vi hadde besøk frå Vestlandsforskining i dag der vi såg litt på kva ressursar og kometanse vi sit på og korleis vi dreg nytte av den og kvarandre.

 

1. mars 2005

Offisiell opning av Bygstad bokstove

Næringshagen var fylt til randen av låne lystne då det i dag var høgtidlig opning av Bygstad bokstove. Kl 12.00 var det klipping av snor som seg hør og bør, og det vart feira med kake og helsingar. Firda var òg til stades, les artikkelen her.

 

20. februar 2005

Button frå Aase video og grafikk

Aase video og grafikk har sidan november jobba med utvikling av eit nytt produkt, button. I overkant av 300 ulike button er klare for salg og det er stadig nye design som blir lagt til samlingen. I løpet av mars skal dei ha stand i Bergen og Førde, det er knytt stor spenning til kva respons produktet får.

 

5. januar 2005

Prosjektleiar for "Vikingfjorden til Island" på plass!

I dag flytta prosjektleiar Sissel Bryggman for Prosjektet Vikingfjorden til Island, inn på kontor i Gaular næringshage. Les meir om prosjektet her. Vi ynskje velkommen :)

 

1. januar 2005

Nytt år :)

Gaular næringshage ynskje å takke for det som var i 2004 og ynskje alle eit godt og framgangsrikt nytt år!

 

_________________________________________________________________________________
 

Siste nytt 2004 finn du her...

Siste nytt 2003 finn du her...

Siste nytt 2002 finn du her...